søk
english

Åmot skole

Arkitekter
Ratio arkitekter as
Bjørbekk & Lindheim as

Oppdragsgiver
Vinje kommune

Areal
2280 m2

Type
Arkitektkonkurranse med prekvalifisering 2011

Åmot skule skal vera ein møteplass og ein identitetsberar for lokalsamfunnet. Skulen skal fremje samarbeid og kontakt på tvers av klassene, men òg på tvers av ulike grupper i samfunnet.


Programmet omfattar klassetrinn frå 5 til 10 klasse. Planløysinga skal reflektere fleksibel bruk, samstundes som alle klassene skal ha faste klasserom. Det vert lagt opp til sambruk av areal, felles spesialrom og samlingsrom, med korte avstandar mellom dei ulike funksjonane og aktivitetane. Nokre areal får direkte utgang til skuleplassen.

HOVUDPRINSIPP
Me har valt å legge den nye skulen som ei L-form i den nordre delen av tomta. Den eine armen i L’en dannar ei avskjerming mot nord og mot trafikken til Vinjehuset og parkeringsplassen. Den andre dannar ein intim inngangs-/skuleplass, som også tek opp i seg gangvegen frå bustadområdet og idrettsplassen vest for skulen.  Bygget er i to etasjar og ein del av andre etasje strekker seg mot vest som ei bru over til eit nivå midt i mellom skuleplassen og Vinjehuset. På denne måten vert det skapt eit naturleg samband mellom skulen og dei fasilitetane som ligg høgare i terrenget; Vinjehuset og idrettsplassen.

Bygget har ei kompakt form som gjev korte gangavstandar og fleksibel bruk, samstundes som funksjonane kan sambrukas eller delast av for ulik bruk. Det er eit uttrykkeleg ynskje / krav om at huset ikkje skal ha flate tak. Dette er løyst med ei rad saltak som også, visuelt, bryt opp ei nokså kompakt bygningsmasse og gjev bygget gode proporsjonar.

MILJØ OG ENERGI
Materialval og planløysing gjev gode miljøløysingar. Ved å bygge kompakt får ein miljøgevinst både på materialbruk og oppvarming.
Det er lagt vekt på gode ljostilhøve, samstundes som det er lagt til rette for solavskjerming på fasadar mot aust, sør og vest. Dette vil gje mindre energibruk til ljos og kjøling.
Ei bevisst haldning til plassering av dei ulike funksjonane, med klasserom mot aust og vest og kontorarbeidsplassar mot nord, vil gjera kjøling mindre naudsynt på varme sommardagar, då klasseroma ikkje er i bruk.
Mykje volum vil også gje betre inneklima i klasseroma. 
lukk >>