Oppdragsgiver
Volda utvikling
Funksjon
Høgskule, kontor, innovasjonssenter og hotell
Høgskulen sitt område ligg sentralt i Volda, ein tettstad på nordvestkysten av Norge, kjent for si lange historie som kunnskapsbygd. Utvidinga av høgskulen sitt campusområde utførast i 3 byggetrinn, der det ved fullendt utbygging vil bestå av 3 bygningsvolum og utgjere tilsaman ca. 32 000 kvadratmeter. Aasenkvartalet skal vere eit transparent, ope og tilgjengelig kvartal, som forsterkar dei eksisterande kvalitetane til campus samtidig som det skal forsterke koblinga mellom campus og resten av Volda. Hovudvekta i konkurransen er lagt til 1 byggetrinn, som vil danne eit endepunkt for den sentrale «Campusaksen», som definerer og knyt saman høgskuleområdet. Bygget vil ligge sentralt og synlig ved ny trasé for kyststamvegen E39, og framstå som eit «velkomstbygg» for Høgskulen i Volda.
Ein stram struktur dannar grunnlaget for organiseringa av bygningane, der ei leiken tilnærming til grid og struktur skapar spanande innhuk, terrasseringer, atrier og romforløp. Byggetrinn 1 henvender seg offentleg mot syd med ein stor og solfylt forplass, nær kollektiv, sykkel og gangveg. Mot nordaust er inngangen lagt mot eit samlande torg og eit større parkområde som knyt heile campus saman. Dei to inngangane er aksentuert ved å vere inntrukne i bygningsvolumet, og er forbundne med ein allmenning som går diagonalt gjennom hovedplanet. Allmenningen knyt saman indre gårdsrom, der overlyset følger den diagonale rørsla igjennom bygget, og forsterkar med det allmenningen som ei offentleg gate innandørs.
Aasenkvartalet skal vere ein stad for innovasjon og samarbeid på tvers av private- og offentlege aktørar, fagfelt og verksemder. I organiseringa av bygget, er det lagt vekt på å legge dei mest utadretta verksemdene godt synleg og tilgjengelig. På hovedplanet, samt på ein innskutt messaninetasje, ligg møterom åpne for booking, større verkstedareal for produksjon og testing av prototyper, auditoria til høgskulen, åpne arbeidsplassar for kortare og lengre samarbeid og ein black box for kulturelle og større evenement. I hjertet av bygget, i det sentrale atriet, ligg kaféen som knyt alle funksjonane saman. Dei to meir generelle etasjane over hovedplanet inneheld høgskulen sine areal, samt areal for utleige til ulike bedrifter og institusjonar. Det er lagt vekt på fleksibilitet og elastisitet i arbeidsetasjene, der sosiale og åpne funksjonar er lagt på hyller mot sentralatriet. Støttefunksjonar og møterom dannar buffer mot dei meir rolige kontorareala som ligg langs fasaden. Øverst i bygget ligg hotellet som to separate volum forbunde med ei glassbru. Hotellet avtrappar seg mot det sentrale atriet, og voluma vil såleis danne ein lysande spalte som gir bygget særpreg. Hotellet er delvis tilbaketrukket frå hovedfasaden, og har grøne takterrasser på to sider, tilgjengelige for alle.
Det er lagt stor vekt på miljø i prosjektet. Bygningane er tenkt oppført i berande konstruksjonar i tre, med veggar og dekker utført i massivtre, og med avstivande kjerner i betong. Den rasjonelle konstruksjonen gir eit anvendelig bygg som er endringsdyktig over tid, og opnar samtidig opp for effektive system, prefabrikering og rask byggetid. Hovedenergikjelde er jordvarme med brønner, fordelt som vannbåren varme i etasjedekkene. Varmegjenvinning av luft og solceller på tak vil også bidra til å redusere energibruk og klimafotavtrykk. Lavemitterande, naturlege materialer og overflater skal nyttast i størst mogleg grad. Bruk av tre i interiør gir godt inneklima samtidig som det bidreg til ei lun og god atmosfære. Materialer som er solide gir patina etter ei tid, er robuste, og reduserer byggets avfallsbehov. Gjenbruk av bygningsdeler frå det eksisterande Ivar Aasen-huset vil berike med særeigne interiør og designelement inne som ute.
Utomhus skal campusparken utviklast til ein frodig og open park med blågrøn faktor, der utviding og bearbeiding av bekken som renn gjennom tomta både vil fungere som eit flott uterom på fineversdagar og som eit flaumbasseng på dagar med mykje nedbør. Grøne tak og takterasser vil også bidra til overvannshandtering lokalt på tomta.
Omfattande bruk av trevirke i kombinasjon med resirkulert og sirkulerbare materialar gir bygningar med låge C02-utslipp i byggetida og med berekraft inn i framtida. Eit rasjonelt byggesystem og høg grad av fleksibilitet i konstruksjon og planløysingar sikrar finansiell berekraft; sosial berekraft er ivareteke ved at bygningane er gitt inkluderande, universell utforming med tilrettelegging for brei sosial samhandling – forsterka av at bygningane skal vere transparente mot omgjevnadene og opne for tilkome gjennom store deler av døgnet.
Samarbeidspartnere
SAAHA
Lala Tøyen
Faser
Plan- og designkonkurranse